For ærleg talt?

1 11 2007

Carl I. Hagen si nye bok ”Ærlig talt” er kanskje ikkje den tidligare partiformannen sitt smartaste grep for å opne for regjeringssamarbeid i 2009.

carlivarhagen.png

Hagen seier at han helst vil sjå ei regjering berre beståande av Framstegspartiet i framtida. Det er kanskje det einaste Frp kan våge å håpe på. Partiet har store truverdigskapsproblem frå før, og det blir nok ikkje noko betre med ei slik svartmaling av politiske motstandarar slik som Hagen legg opp til.

ANGREP: Venstre sin leiar Lars Sponheim har allereie uttala at eit samarbeid med Framstegspartiet er heilt uaktuelt. Når nå Carl I Hagen igjen legg seg ut mot Kjell Magne Bondevik og KrF blir lista over allierte stadig kortare. Bondevik blir gjort til hovudskurken som såg til at Hagen aldri fekk nokon av posisjonane han hadde drøymt om.

Leiar i KrF Dagfinn Høybråten, har allereie stilla seg skeptisk til at Hagen svartmalar potensielle samarbeidspartnarar på denne måten. Dette gjer Framstegspartiet berre endå mindre etande for KrF og andre sentrumsparti. Ein har vanskeleg for å vete kor ein har dei, meiner Høybråten, noko som tross alt er Frp i eit nøtteskal.

USERIØST: Ein må ikkje sjå på alt som Hagen skriv så seriøst, meiner Siv Jensen, og tek det heie med eit smil. Sanninga er nok at Frp sin truverdigskap hos dei andre partia ikkje tåler så alt for mykje slikt barnsleg og useriøst skriveri. Høgre er den einaste venen dei har på Stortinget for tida, og sjølv denne venskapen er skjør.

Det er mogleg Carl I. Hagen har eit behov for å tale rett frå levra, men Siv Jensen må nok arbeide hardt viss ho vil styre Noreg åleine.


Handlinger

Informasjon

Ett svar

2 11 2007
Jon

Hehe… hadde faktisk litt respekt for Hagen før, men det er glemt alt sammen nå… fyren er jo helt tussete. Synes Siv Jensens kommentar om at en ikke må se på alt som Hagen skriver som så seriøst var ganske bra, hehe :)

Kommentér