Urettferdig avgift

2 11 2007

Rushtidsavgift kan verte eit glimrende tiltak for å få ned den enorme biltrafikken i dei store byane. Men når bilistane køyrer bil av mangel på alternativ, blir ei slik avgift heilt meiningslaus.

rush.png

Å piske bilistane til å vele meir miljøvennlege transportalternativ er heilt nødvendig. Dei aller fleste av dei som sit og stampar i bilkøane på veg til jobb kunne like godt ha sitte i ein buss og stampa. Eller kva med å hive seg på sykkelen til gammalt?

PISK: Det er tydelig at dei aller fleste ikkje vel miljøvennleg så lenge dei ikkje absolutt må. Frykta for at verda ikkje skal stå til å huse nokre generasjonar til, stikk tydeligvis ikkje djupare enn som så. Mange seier at gulrot fungerer betre enn pisk, men eg er neimen ikkje så sikker lenger.

Dessverre er tilstanden i mange av dei store byane slik at folk rett og slett ikkje kan vele kollektivtransport, fordi dei ikkje kan stole på han. Noko av problemet er at bussane blir ståande og stampe i dei same bilkøane som privatbilistane stampar i. I tillegg er det ei gruppe menneske som har så mange ærend kvar morgon at å ta buss ikkje er eit alternativ.

VAL: Men så har vi dei som sit og stampar i køane, ein person i kvar bil, og bannar og steiker fordi køen ikkje går fortare. Hadde fleire av desse velt kollektivt, eller kanskje alle, hadde det heile sett heilt annleis ut. Det er desse som må piskas over i bussar og tog, for det er desse som ikkje vil vele det sjølv.

Problemet med å innføre rushtidsavgift er at ho rammar ikkje berre dei som kan vele kollektivt, men òg dei som ikkje kan vele.


Handlinger

Informasjon

3 svar to “Urettferdig avgift”

2 11 2007
Fred Rune Rahm (20:01:07) :

Ingenting er enkelt, og alt henger sammen med alt. Jeg er skeptisk til rushtidsavgift, det er mange grunner til at folk må ha bil. Egentlig ønsker jeg meg avgift på parkering i de store byene, men så er det det med alle dem som bor der, da.

5 11 2007
Frank (08:42:26) :

Jeg bor 10 mil fra Oslo, der jeg jobber, og starter vekselsvis 7, 8 og 11 på jobb. Dette betyr at jeg bruker noe mellom 1.30 til 2 timer for å komme meg til jobben hvis jeg kjører bil.

Jeg bor et sted der det går ca. to busser om dagen, dvs. skolebussen litt før åtte og så rundt klokka 4. Jeg kan kjøre 5 km og der går det buss litt oftere, men den går vel omtrent hver andre time, men begynner ikke før klokka 12 om dagen.

Mitt tredje valg er å kjøre 3 mil i feil retning for deretter å ta buss til Oslo. Dette betyr alikevel at jeg må kjøre 6 mil om dagen, pluss betale for et månedskort som koster meg ca 1000 spenn mer i måneden enn om jeg kjører bil.

Kjøre kollektivt, sa du?

5 11 2007
Martin Liland (14:39:13) :

For dei fleste er nok situasjonen ikkje så ekstrem som for deg, men det forsterkar eigentleg berre poenget mitt: kollektivtilbodet må byggjast ut før ein set inn ei slik avgift. Og det gjeld spesielt for dei som kjem køyrande langvegsfrå. Samtidig skal ein vere klar over at det finnes nok av dei som vel så gjerne kunne valt buss som å sittje i personbil.

Kommentér

Du kan bruke disse taggene : <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>